Hands-On Seminar om Yocto, den nye embedded Linux distro std.

Published: 11. Sep 2014

Silica inviterar:

Gratis Hands-On Seminar om Yocto, den nye embedded Linux distro standarden.

11. september kl. 9:00 i Asker

Yocto er den nye Linux byggesystem standarden for embedded system. Yocto er no også adoptert av Linux foundation som standard distribusjon for embedded targets, for å gjera det einklare for embedded system å nytta Linux. 

Yocto er ikkje ein BSP ( Board Support Package ), men ein metode so ein sjølv kan enkelt generera sin eigen BSP.  Ved hjelp av Yocto kan ein også enkelt flytta sin Linux distribusjon mellom forskjellige prosessor arkitekturar, eller forskjellige produsentar med same prosessor arkitektur.  Yocto blir no støtta av alle leiande halvleiar produsentar som lagar prosessorar for embedded system, som; Intel, Freescale, Xilinx og Texas Instruments.

For ein kjapp morosam intro til Yocto sjå her: https://www.youtube.com/watch?v=utZpKM7i5Z4

Vi på Silica har gode kunnskapar om Yocto.  Vi har som einaste distributør i Europa laga vår eigen Yocto distribusjon og vi er deltakar i Yocto prosjektet.  Sidan vi reknar med at mange embedded kundar vil flytta sin Linux fokus til Yocto for å gjera Linux utviking mindre tidskrevande og billigare, vil vi gjerne dela av våre kunnskapar med ein Yocto trening.

Treninga som består av ein teoretisk del og ein praktisk hands-on del vil føregå i vårt lokale i Solbråv. 45  Asker, agendaen er som fyljer:

  9:00 Intro til embedded Linux

10:15 Kaffi/te

10:30 Intro til Yocto og Yocto workflow

11:45 Oversikt og ein kort demo av vår Yocto SDK

12:00 Pizza

12:45 Yocto hands-on med innlagte kaffi/te pausar

16:00 Slutt, men det er mogeleg for dei som vil labba meir å bli verande til 18:00

 

Påmelding via denne lenka:

https://www.silica.com/events/registration.html?tx_silicaevents_pi1%5Bcmd%5D=register&tx_silicaevents_pi1%5Beid%5D=305&tx_silicaevents_pi1%5Bdid%5D=880&cHash=43df8e358d8b50a9841a9a71792b6d57

Seminaret er ope for alle, men grunnleggande software kunnskapar er påkreva, Linux erfaring er ikkje påkreva, men kan vera ein fordel.  Erfarne Linux brukarar som ikkje har tidlegare erfaring med Yocto vil ha utbytte av seminaret.  På grunn av lab utstyr vil vi ha begrensa plassar.  Om dykk har spørsmål om treninga og/eller Yocto ta kontakt:

Ivar Vikøren;  tlf: 906 82 366, e-mail: ivar.vikoren@silica.com